Sommarhelsing og ny drakt

Nettsidene våre har gått igjennom ei lita vårreingjering! Og med det blei det sendt ut ei sommarhelsing til alle samarbeidspartane våre. (Meld deg gjerne på nyhendebrev her)

Vi legg no bak oss eit godt og innhaldsrikt halvår i ny kontrollutvalsperiode.

Mange av utvala i kommunane våre har fleire nye kontrollutvalsmedlemmar. Det å bruke tid på opplæring parallelt med gjennomføring av møta har vore viktig for å tidleg gi ei god forståing av kva arbeidet i kontrollutvalet inneber.

Samtidig erfarer vi at der også er mange nye varamedlemmar, og det kan vere lenge mellom kvar gang eit varamedlem må møte. Vi ynskjer difor å gjere den mest vesentlege informasjonen lett tilgjengeleg og har difor lagt inn eit eige meny-punkt på nettsida vår med kontrollutvalsmedlemmane som målgruppe.

Vi er særleg nøgde med at vi no i juni 2024 har handsama ROV i alle kontrollutvala og sendt over saka om plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll i 7 av 9 kommunar. Dei to siste skal opp i første møtet etter ferien. Det betyr at dei nye kontrollutvala allereie frå tidleg haust kan begynne å bestille forvaltningsrevisjonar og soleis systematisk starte opp det faktiske arbeidet i kontrollutvalet.

Vi gler oss til fortsettelsen!

16. og 17. september arrangerer vi kurs i eigarstyring!

Målgruppa er folkevalde, medlemmar av representantskap, administrasjon i kommunane, styremedlemmar og leiarar i selskap som kommunane eig. Føremålet er å gi ei betre forståing fo eigarstyring generelt, og dei deltakande kommunane si eigarstyring spesielt.

Invitasjon til kurset vil bli sendt ut før ferien!

God sommar!

 

- Ane og Ida

Neste
Neste

Ny rådgjevar i Vest kontroll