Takk for samarbeidet i året som har gått!
Kontrollutvala i samarbeidet vårt har alle eit vel overstått første år i valperioden.
Året starta med ei rekke opplæringar, orienteringar og planarbeid. Det har resultert i bestillingar av forvaltningsrevisjonar og oppfølging av spørsmål/saker som har dukka opp - enten gjennom førespurnader frå andre eller fordi utvala har ynskja å sette det på dagsorden sjølve.
Eit lite innblikk i kva som er aktuelt på saklistene i samarbeidet:
Hareid kommune ventar på ein forvaltningsrevisjon innan økonomisk rapportering, der det også vil bli sett på budsjettstyring og -kontroll.
Herøy kommune handsama rapporten på forvaltningsrevisjon av forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg – og har bestilt nytt prosjekt innan internkontroll, samhandling mellom system innan pleie og omsorg.
Sande kommune har bestilt nytt prosjekt innan rekruttering og sjukefråvær, der problemstillinga vil mellom anna ta for seg kompetanse og styringsdokument for reduksjon av sjukefråvær.
Stad kommune fekk framlagt rapport på ein forvaltningsrevisjon innan bu- og miljøtenesta, og har bestilt nytt prosjekt innan beredskap.
Kinn kommune handsama nyleg rapport frå forvaltningsrevisjon på gjennomføring av investeringsprosjekt, og har bestilt nytt prosjekt innan forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg.
Ulstein kommune har handsama rapporten frå prosjektet «sakshandsaming innan helse og omsorg» og neste prosjekt vil bli innan oppvekst der problemstillinga vil vere knytt til oppfølging av det som tidlegare var omtalt som 9A-saker, rettar og dimensjonering.
Vanylven kommune har hatt oppfølging av eit tilsvarande prosjekt som Ulstein skal i gang med, og har bestilt ein ny forvaltningsrevisjon knytt til forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg.
Volda kommune har bestilt ein forvaltningsrevisjon innan sakshandsaming/etterleving av gjeldande rutine og prosedyrer, tilsvarande prosjektet som var levert til Ulstein i 2024.
Ørsta kommune handsama rapporten på ein forvaltningsrevisjon av økonomisk sosialhjelp NAV Ørsta og Volda. Ørsta er vertskommune for samarbeidet og har oppfølging av tilrådingane. Det neste prosjektet i Ørsta er knytt til internkontroll, med ei problemstilling som er retta mot sakshandsaming i kommunale stønadsordningar.
Skulle du vere interessert i kva dei ulike kontrollutvala arbeider med, finn du oversikt på alle møta, saklistene og dokumenta i vår innsynsløysing:
Med ynskje om ei god jul og eit vidare godt samarbeid,
for eit tillitsskapande, spørjande og innhaldsrikt nytt år!
– frå Ane og Ida