For medlemmar av kontrollutvalet

I henhold til kommuneloven §23-7 skal sekretariatet sjå til at sakene som kontrollutvalet handsamer er forsvarleg utgreidd og at vedtaka vert iverksett og fulgt opp.

Det er også eit lovkrav at sekretariatet skal vere uavhengig av kommunen sin administrasjon og revisjon.

Vi ivaretek difor sekretariatstenestene for kontrollutvala i kommunane i det kommunale oppgåvefellesskapet Vest kontroll.

  • Vi brukar Kaukus varainnkalling. Det vert difor sendt ut ein e-post til dei faste kontrollutvalsmedlemmane ei veke før møtedato. Der vert medlemmane bedt om å eventuelt registrere fråvær via Kaukus. Dersom eit fast medlem melder forfall, vert det sendt ei tekstmelding til vara - som dei enten må svare JA eller NEI på.

  • Kontrollutvalet sine møte- og saksdokument er å finne i sin heilskap i møteportalen, som er tilgjengeleg via pålogging med bankid.

    Lenka finn de enklast med den blå knappen frå framsida på vestkontroll.no.

    Offentlege møtedokumenter er også tilgjengeleg i vår innsynsløysing.

  • Ei god oversikt på kontrollutvalet sine oppgåver og mandat finn du i kontrollutvalsboka.

    I tillegg har kontrollutvala handsama ei eigen rettleiar for korleis handtere førespurnader til kontrollutvalet.

  • - Sjå til at kommunen sitt rekneskap er revidert på ein betryggande måte

    - Utføre kontroll med den økonomiske forvaltninga, i samsvar med gjeldande avgjersle og vedtak

    - Utføre forvaltningsrevisjon av kommunen si verksemd og selskap kommunen har eigarinteresser i

    - Føre kontroll med forvaltninga av kommunen sine eigarinteresser i selskap

  • Kontrollutvalet sitt ansvar:

    «påse at det føres kontroll med at den økonomiske forvaltningen foregår i samsvar med gjeldende bestemmelser og vedtak».

    (Kommuneloven §23-1, 1. ledd bokstav b)

    I praksis:

    -  Sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning

    -  At merknadar frå revisjonen vert fulgt opp

    -  At kontrollen med økonomiforvaltninga skjer i samsvar med gjeldande

    avgjersle og vedtak

    -  At det blir gjennomført forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll

    -  At kommunestyret sitt vedtak om forvaltningsrevisjonar,

    rekneskapsrevisjon og eigarskapskontroll blir fulgt opp

  • Gjennom året skal kontrollutvalet mellom anna handsame:

    - kommunen og eventuelle kommunale føretak sine årsrapportar og rekneskap

    - revisjonen sitt arbeid med finansiell revisjon

    - forenkla etterleving

    - forvaltningsrevisjonar og eigarskapskontrollar i henhold til vedteken plan for kontrollutvalsperioden.

    Årshjulet til kontrollutvalet kan illustrerast slik.

  • Kontrollutvalet sine møter er opne for publikum, med unntak av handsaming av saker som er unnateke offentlegheita.

    Ordførar har møte- og talerett.

    Revisjonen har møte- og talerett.

    Kommunedirektøren har ikkje møte- og talerett slik som i andre råd og utval, men har møteplikt på førespurnad.

    Sekretariatet har same funksjon som kommunedirektør/administrasjonen har i andre råd og utval.